Molnes i tekno-toppen

Den ombygde trålaren Molnes var i år nominert til Norwegian Tech Award, og nådde nesten heilt til topps.
Norwegian Tech Award blir gitt til ei god ingeniørmessig løysing, prosjekt eller gjennombrot på eit teknologisk eller samfunnsmessig problem her i landet. Prosjektet bør vere konkret og sett i gang, men ikkje nødvendigvis fullført, heiter det i statuttane.

Den nye fryseteknologien om bord på Molnes er utvikla i samarbeid med Kuldeteknisk AS og frys fangsten raskt ned mot minus 50 grader. Dette gjer at energiforbruket ved innfrysing blir redusert som igjen reduserer det totale energiforbruket om bord. I tillegg har det vist seg at kvaliteten på det innfryste produktet ser ut til å vere høgare enn tradisjonell innfrysing ved hjelp av freon.

Trålaren Molnes blei ferdig bygd om i vår og har no installert nye produksjonslinjer med hydrolyseteknologi. Dette tyder at fisken som kjem opp med trålen blir maksimalt utnytta og fangsten blir betre tatt vare på og gir betre kvalitet. Restråstoff som tidlegare blei kasta på sjøen blir no utnytta og brukt som proteinkjelde i ulike samanhengar.

Stavangerbedriften Zaptec blei årets vinnar, men juryleiaren poengterte at konkurransen var svært hard:

– Det var svært mange sterke kandidater til teknologiprisen i år. De som er nominerte i år, har egentlig vunnet allerede, sa Nito-president og jurymedlem Trond Markussen, da han delte ut teknologiprisen.