Nye Ramoen straks klar for havet

Drivstoffforbruket er minimalt og i den avanserte filetfabrikken blir heile fisken nytta. Ramoen er så ”grøn” som det lar seg gjere, seier prosjektleiar Atle Vartdal.
Det er hektisk aktivitet om bord i nybygget som ligg til kai i Ålesund. Dei siste maskinene i fabrikken skal monterast og testast før nye Ramoen er klar for fiske. Laurdag er det dåp før båten legg ut på ei vekes prøvefiske for å sjå at alt i fabrikken fungerer som det skal.

Presise filetar
I fabrikken er det installert islandsk filetsmaskin av typen Valka. Fisken blir først kartlagt gjennom røntgen, før maskina skjer presise filetar ved å bruke vatn under høgt trykk.

- Slike maskiner er vel utprøvd i landindustrien, med det er første gong ei slik maskin skal prøvast på sjøen. Vi er litt spente på korleis den fungerer når det blir litt sjø, men vi er optimistiske og trur det vil gå bra, seier adm.dir. i Ramoen AS, Per Magne Eggesbø i Eros.

Eros i Fosnavåg eig 65 prosent av Ramoen AS, medan dei resterande 35 prosenta er eigd av brørne, Knut og Atle Vartdal.

Rask prosess
Effektiv produksjon i fabrikken er viktig for å sikre at fisken held topp kvalitet. Det tar under seks timar frå første fisken er om bord til fileten er ferdig pakka og ligg på fryserommet.

- Kvaliteten på produkta kan knapt bli betre. Difor ser vi også at desse produkta, Fresh Frozen at Sea, er noko kundane etterspør i stadig større grad, seier Eggesbø.

England
Den største og viktigaste marknaden er Fish & Chips-sektoren i England med meir enn 10.000 utsal. Men no er også supermarknadene på full fart inn på kundesida for desse produkta.

- I Norge samarbeider vi med Lerøy og Norgesgruppen, og vi ser at det er aukande interesse for sal av små pakningar med tinte filetar, seier Eggesbø.

Heile fisken blir nytta i den moderne, men kompakte fabrikken. Det som ikkje blir filetar, blir kokt og brukt som fiskeolje eller proteinrikt fiskemjøl.

Reker og forsking
For å sikre heilårsdrift på båten er den i tillegg utstyrt som reketrålar, slik at den kan vere i aktivitet sjølv etter at fiskekvotene er tatt ut. Planen er at Ramoen også skal l kunne leigast ut som forskingsfarty. Den er difor utstyrt med både laboratorium, senkekjøl og eige konferanserom, slik at det skal vere greit for forskarar å arbeide om bord.

Fartyet skal ha base på Vartdal og vil nytte fryselageret til Vartdal Fryseri. Kostnaden på båten som er bygd i Spania er på 340 millionar kroner. Det vil vere rundt 50-60 heilårsarbeidsplassar om bord.