Møttes igjen etter 51 år

Img L
Gamle kjende; fv. Ove Höegh, Harald Aarseth og Sylve Engstrøm.
-Eg vil sjå alt som er her her, seier Ove Höegh. Trass i at han er nesten 80, har han ingen vanskar med å entre brua på nye Ramoen.
Ove Höegh var mannen som bygde den første Gadus-båten i 1967. Den andre Gadus 2 kom i 1969. Det var svært store trålarar med ei lengde på 85 meter. Desse båtane vart seinare skifta ut med to fabrikktrålarar av Liaaen-typen med ei lengde på 60 meter. Ein av desse vart i 1977 selt til Vartdal Fiskeriselskap AS. Når Ramoen no legg frå kai, er det difor eigentleg løyvet frå Gadus dei no fiskar på.

- Det er interessant å sjå ein slik moderne båt, og det ser ut som dei har valt gode løysingar. Prinsippa er likevel dei same som på Gadus-båtane, seier Höegh.

Fabrikkskip
Om bord i Ramoen fekk han møte skipperen frå Longva, Harald Aarseth, 51 år etter at dei møttes for første gong på Vest-Grønland våren 1965. Aarseth var då skipper på trålaren Longva, og Höegh var om bord for å studere drifta på fabrikkskip.

Dei to veteranane møtte også fleire frå mannskapet Gadus. Sylve Engstrøm starta som 16-åring om bord i Gadus, der han var frå 1970 til 1976. Deretter var han på Höegh-båtar i utanriksfart, og sidan 1990 har han halde seg til Ramoen.