Færøyane trappar kraftig opp sildefisket

Færøyane har fastsett ei kvote på 125 597 tonn for norsk vårgytande sild. Det tilsvarar eit uttak på 19,4 prosent av totalkvota. Også for kolmule er det lagt opp til ein stor auke i uttaket. Dette skjer i strid med vitskaplege data.
Auken for norsk vårgytande sild er på 92 000 tonn, i forhold til det som Færøyane historisk har hatt kvote til å ta ut. Historisk har Færøyane nemleg tatt ut 5,16 prosent av totalkvoten som er på 646 075 tonn for 2017.

For kolmule er det fastsett eit uttak på 476 902 tonn for 2017. Det utgjer 35,5 prosent av totalkvoten som er på 1 342 330 tonn for 2017.

Ikkje berekraftig
Sildebestanden har vore aukande siste åra, men Norge stiller seg likevel undrande til den kraftige auken i kvota som Færøyane skal ta ut.

- Når Færøyane tar ut så mykje meir enn dei tidlegare har gjort, er det eit svært dårleg bidrag med tanke på å finne fram til ei langsiktig forvaltning av dei pelagiske bestandande, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Færøyane sin opptreden er heller ikkje forankra i vitskaplege data, snarare tvert om.

Avtale
I oktober vart det for første gong på to år oppnådd semje om totalkvoten for sild og kolmule i forhandlingar mellom Norge, Island, Færøyane, Russland og EU. Partane vart også einige om ein langsiktig plan for forvaltninga av kolmule, og at fastsetting av kvotar skal følge råda frå Det internasjonale råd for havforskning (ICES).

Men partane greidde ikkje å bli einige om fordelinga av kvotene mellom dei forskjellige landa.